Nordahl Grieg Fredsfond - FRED - KLIMABALANSE - INKLUDERING - HJEMFALL - LIKEVERD - KULTUR





















Peder Furubotn fra 1920-årene.

Heidrar Peder Furuboten

Peder Furubotn, generalsekretær og leiar av Norges Kommunistiske Parti (NKP) i 1941 til 45, frå Vaksdal, vert no heidra med eigen minnestein i Synkenhagen, 1. mai 2018. Ei lang reise for anerkjenning av ein av dei mest formidable krigs-innsatsane i Noreg, skriv Kjartan Haugsnes (biletet) i Ordet fritt.

Kjartan Haugsnes (SV i Vaksdal kommunestyre) (Foto: Anne Rivenes/Arkiv).

Formannskapet i Vaksdal kommune sette i februar i 2015 ned heidersnemnda, beståande av Sigmund Simmenes, Kjartan Haugsnes og Anne Christine Eide, som la fram forlag om fem personar frå kommunen dei meiner må minnast på ulike vis. Avisa Hordaland melder at dei  fem er frå eit opphavleg utval på 12: Peder Furubotn, Lavik-brørne Andreas, Andres og Johannes, samt Bjørn Wiik.

Furubotn-minnesteinen står no på staden Vaksdal, Lavik-brørne vert heidra med samleplakett, truleg ved butikken på Lavik i Eksingedalen og Wiik får si eiga minneplate i grendahuset på Eidslandet. Kostnader med heiderssymbol er innarbeidd i 2018-budsjettet til kommunen.  
Kvifor er Peder Furubotn verdt å minnast? Avisa Hordaland skriv: «Einar Gerhardsen sin tale på Kråkerøya i 1948 sette standard for korleis ein skulle sjå på kommunistar i Noreg. Tiår med politisk forfølging, utestenging frå arbeids -og samfunnsliv, kald krig-logikk og familiar stempla nærast som samfunnsfiendar var resultatet. No, 70 år etter, er det igjen mogleg å sjå på kommunistane sin motstandskamp mot nazistane med historisk «korrekte» briller. Altfor lenge har norsk krigshistorie vore ei falsk, nærast hyklerisk framstilling av norsk motstandskamp – når kommunistane bevisst vart gløymt».

I leksikon les vi at Peder er fødd i Brekke, Ytre Sogn. Far, Jørgen Furubotn, 1864-1923 og mor Valgjerd Kristoffersen 1923 var blant dei mange som flytta frå småbruk til industrien på 1800-talet. Det går fram av Vaksdal ættesoge at Jørgen Furubotn,1864-1923, vart gift med Valgjerd Kristoffersen,1870-1943,frå Skånevik. På jakt etter arbeid og inntekt for å ta seg av ein stor ungeflokk flytta dei frå slektsgard i Masfjorden til ulike plassar mellom Bergen og Sunnfjord. Vi finn namnet Furubotn i ulike arkiv på stader som Sande i Sunnfjord, Brekke i Sogn, Valestrandsfossen på Osterøy og Vaksdal i tidlegare Bruvik kommune.

Foreldra med ungeflokk, der Peder er nr 3 frå 1890, flytta til Vaksdal kort etter år 1900 der Jørgen vart ein respektert arbeidar ved Vaksdal Mølle etter karriere som fargar. I dei første åra etter 1900 har Peder vakse opp i eit industriarbeidar-miljøet på Vaksdal, ikkje langt unna Bergen, der han som møbelsnekker frå 1907 vert ei hovudkraft i arbeidarrørsla. 

I grunngjevinga for å heidre les vi vidare: «Han kunne ha endra historia. På Arbeiderpartiet sitt Landsmøte i 1923 tapte han partisekretærvervet med to stemmer for Einar Gerhardsen. Då vart partiet som kjent delt i to og Furubotn vart sekretær i NKP. Han kom òg i leiinga av 3. kommunistiske Internasjonalen på 30-talet og var fleire år gjest i Sovjetunionen. Noko av krigs-sinnsatsen er skildra i teaterstykket til Tore Vagn Lie - Operasjon Almenrausch, ein av dei største tyske aksjonane mot norsk motstand under 2. verdskrigen. Vaksdal kommune, og staden Vaksdal kan vera stolte av Peder Furubotn. Det er no på tide å ta både mannen, men og den kommunistiske «bevegelse» ut av gløymselen og læra – forstå og heidra dei som kjempa mot nazismen. Berre ved å læra om historia kan ein hindra at dette skjer igjen».

Påskjøninga av Peder Furubotn Vaksdal kommune sluttar slik «Lat 1. mai vera startpunktet for eit «Peder Furubotn»-år i Vaksdal. Generalsekretær og leiar av Norges Kommunistiske Parti (NKP) frå 1941 til 1945 - frå Vaksdal - vert no heidra med eigen minnestein. Det har  vore ei lang reise for å anerkjenne ein av dei mest formidable krigsinnsatsane i Noreg».

Vaksdal-ordførar, Eirik Haga (Ap) aktar Peder Furubotn ved minnesteinen i «Synkenhagen» ved Vaksdal Mølle , 1/5-2018.

Dei som vil ære minnet til Peder Furubotn finn støtten i «Synkenhagen» (parken ved Vaksdal Mølle, der det før har stått arbeidar-bustader).Vi i NKP på Vestlandet noterer oss med glede orda, minnesteinen og det flotte arrangementet i Vaksdal, der også næraste slekt til Peder var til stades under avdukinga 1. mai 2018. 

Per Lothar Lindtner, 4/5-2018. Kjelder: Avisa Hordaland, Jan-Egil Dyvik, Torgrim Titlestad.

Website Builder drives av  Vistaprint